Eg har alltid hatt ei sterk interesse for korleis menneskekroppen fungerer - eg visste frå ung alder at eg kunne tenkja meg å satse på ein karriere innan anatomi. Osteopati har vore ein veksande helseprofesjon i Norge, og eg er stolt over å vera ein av dei fyrste osteopatiklassane som blei uteksaminert på heiltid frå Norges Helsehøyskule i 2014.
Eg behandlar ein stor variasjon av pasienter, alt i frå spedbarn til eldre. Min største lidenskap er kvinnehelse og bekkenproblematikk. Eg har ei spesiell interesse innan kvinnehelseproblematikk som vulvodyni og vestibulitt, behandling av spedbarn med refluks og behandling av gravide - eg har tatt vidare kurs innan desse fagfeltene.
Eg begynte mi faglige reise ved Bergen Osteopatiklinikk på Bønes, der eg fortsatt jobber nokre dager i veka. Eg har og min eigen private klinikk i Jondal.
Når du kjem til meg kan du forventa ein behandler som bryr seg djupt om det fysiske og mentale velværet til pasientane sine. Så uansett kva problemet er, ring meg, og eg vil gjerne sjå om det er ein måte eg kan hjelpe deg på.