Osteopati er ein helseprofesjon der ein bruker hendene til å diagnostisera og behandla ei rekkje plager og smertetilstander. Behandlinga tar utgangspunkt i at god funksjon og god helse er avhengig av at skjelett, musklar, sener, nervesystemet, det sirkulatoriske systemet og bindevevet fungerer godt sammen. Osteopati er egna for pasienter i alle aldre (også spedbarn).
Me finn samannhengen mellom plagene, kroppen og kvardagen til pasienten. Osteopaten vil saman med deg laga ein plan for dine behandlingar, kva du kan forventa og kva du sjølv må ta ansvar for.
Ein osteopat startar alltid med en samtale om deg og ein grundig gjennomgang av sjukehistorien din. Denne samtalen legg grunnlaget for vidare undersøkelser og individuell behandling. Alle medlemmer av Norsk Osteopatforbund er lovpålagt taushetsplikt og journalføring.
Me starter alltid med ein klinisk ortopedisk- og nevrologisk undersøkelse, dette gjer me for å forsikra oss om at det ikkje føreligg alvorlige underliggande sjukdommar (brudd, etc.). Me tar stilling til om det er trygt for oss å behandla deg – og dersom det skulle vera grunn til mistanke om underliggande sjukdom henvis me deg vidare til spesialist for vidare undersøkelse.
Kroppen vil heile tida tilpassa seg indre og ytre stressfaktorar, både fysiske og mentale. Dette betyr blant annet at ein feilfunksjon ein stad kan bidra til smerter ein annan stad.
Rygg-, bryst- og nakkesmerter
Skulder-, alboge- og håndleddssmerter
Hofte-, kne-, ankel- og fotsmerter
Hodepine, svimmelhet og balanseproblem
Bekkensmerter og andre plager i forbindelse med svangerskap
Funksjonelle plager hos spedbarn
Akutte- og belastningsrelaterte plager
Idrettsskader
funksjonelle mage-, tarm- og urinveisplager, fordøyelsesbesvær, halsbrann og sure oppstøt, tung pust og pustebesvær.